VELKOMMEN TIL REPPEN BARNEHAGE!

"Trygge, glade barn - leik og læring hand i hand"

Reppen barnehage ligg på Valestrand i Osterøy kommune. Me ligg flott til i Eidefeltet med utsikt over heile Valestrand. Det er kort veg til skogen og me har mange gode turområder i nærområdet.
 
For vår barnehage er det viktig at barna opplever ein trygg kvardag fylt med glede, leik og meistringsopplevingar.
 
Reppen er ein barnehage med to basar. Jungelen er basen til dei minste barna, 1-3 år, og Sumpen er basen til dei største barna, 3-6 år.